Produksjonstal desember 2010

14.01.2011
Førebels produksjonstal i desember 2010 viser en gjennomsnittlege dagsproduksjonen på 2 138 000 fat olje, NGL og kondensat. Det er det same som i november. Den totale gassproduksjonen var 10,9 milliardar standard kubikkmeter (GSm3), ein oppgang på 0,8 GSm3 frå månaden før.

 

Oljeproduksjon 2010


Væskeproduksjonen i desember fordeler seg slik: 1 814 000 fat olje, 252 000 fat NGL og 72 000 fat kondensat i gjennomsnitt per dag.

Produksjonen frå nokre felt var redusert i periodar i desember på grunn av diverse tekniske problem.

 

Væskeproduksjon 2010


I 2010 var gjennomsnittleg oljeproduksjon per dag om lag 1,8 millionar fat. Dette er marginalt mindre enn OD sin prognose som også inneheld Yme som ikkje har starta å produsere enda. Total væskeproduksjon per dag er om lag 2,1 millionar fat.

Den totale petroleumsproduksjonen i 2010 var om lag 230,3 millionar Sm3 o.e. (MSm3 o.e.). Dette er fordelt slik: olje 104,4 MSm3 o.e, NGL og kondensat 19,5 MSm3 o.e, og gass 106,4 MSm3 o.e. Produksjonen er 9,9 MSm3 o.e. lågare enn i 2009.

 

Gassproduksjon 2010

 

Endelige produksjonstal for november 2010 viser gjennomsnittleg dagsproduksjon på om lag 1,790 millionar fat olje, 0,353 millionar fat NGL og kondensat og totalt 10,1 milliardar Sm3 gass.

Førebels produksjonstal for januar blir publisert i februar 2011.


Kontaktperson i OD:
Rune Hult tlf. 51 87 60 77

Figurene

Omregningsfaktorer

1 fat olje ≈ 159 liter

1 Sm3 olje ≈ 6,29 fat

1 tonn olje ≈ 1,18 Sm3 olje

1 Sm3 olje ≈ 0,85 tonn olje

1 Sm3 gass = 35,315 scf gass

1000 Sm3 gass = 1 Sm3 o.e.

1 Sm3 NGL = 1 Sm3 o.e

1 Sm3 kondensat = 1 Sm3 o.e.

Relevant